Å videreføre gleda av stjernehimmelen til neste generasjon

Å videreføre gleda av stjernehimmelen til neste generasjon - Bark

No som morsdagen nærmar seg kjem det ei lita historie frå Anitha Ramsdal (56), mor til Oda. Det viktigaste ho har gitt vidare til barna er kjærleiken for naturen og turglede. Eit turliv der kvar ein blom og stubbe har ei eiga forteljing og ingen tur er for kort. Dei siste åra har Anitha oppdaga gleda ved hengekøyer, og har nok fleire netter under stjernehimmelen i løpet av året enn gjengen i Bark.

 

Eg er ikkje så oppteken av å liggje i køya mi på sommarhalvåret, det er vinteren som er min hengekøyesesong. Det å sovne til ein klar stjernehimmel  kanskje få med seg eit stjerneskudd eller to. Slike ting som skjer på himmelen heile vegen, men som du ikkje får med deg fordi du sit inne. Når du søv i køya er det berre deg og stjernehimmelen. Det tykkjer eg er veldig vakkert. 

 

Dette med hengekøye var noko eg var nyfiken på, og fekk til slutt ei hengekøye frå ungane til jul. Eg hang ho opp ved fyrste anledning, men det vart heilt feil. Låg som ei banan i køya, og det var ikkje godt for hoftene mine. Eg hadde rett og slett vondt. For meg opplevdes det trist, då det å sove i hengekøye var noko eg hadde gleda meg til. Dette tok derimot ein lukkeleg vending då Bark-køya kom i hus. Eg fann ut at eg skulle gi den ein sjanse, og oppdaga at køya til Bark var svært lett å sove diagonalt i. Då ligg ein jo tilnærma heilt flatt. Eg vart overraska over kor stor forskjell dette utgjorde, og det var det som skulle til for at eg endeleg fekk ei god natt under stjernehimmelen.

 
«Det å sovne til ein klar stjernehimmel – kanskje få med seg eit stjerneskudd eller to. Slike ting som skjer på himmelen heile vegen, men som du ikkje får med deg fordi du sit inne.»

 

I fjor hadde eg ei morosam oppleving. Det må ha vert vinter, for heile vinterpelsen var på: skinnfell, tepper, sovepose og ei skikkeleg vinterlue på hovudet. Eg sovna til stjernene, og på morgonen vakna eg av at nokon hakka meg i hovudet. Ein vert sjølvsagt litt forskrekka av å våkne til noko slikt, så eg flytta litt på meg. Då letta det to blåmeis som hadde brukt hovudet mitt som kvilestad. Morgonen etter låg eg igjen i køya mi, og då vakna eg av vingeslag frå dei same fuglane som prøvde å lande på hovudet. Då måtte eg le. Eg viste at eg søv tungt, men at eg søv så tungt at fuglane ynskjer å bygge reir på hovudet mitt kom som ei overrasking.

 

Ei anna utenatt eg hugsar godt var av dei ekstra kalde. Eg gjekk ikkje lengre enn til min eigen terrasse for å henge opp køya den kvelden. Då eg vakna låg kulda som eit teppe over verda og dempa alt av lyd. Næraste nabo er syster mi og mannen hennar, dei har fjøsstell tidleg på morgonen. Det var så stille at eg høyrde snøen knirke under beina deira. Stega vart som store drønn i kulda. Ei fasinerande oppleving. Ellers er det jo herleg å liggje i køya utpå seinhausten: høyre på måkeskrik og vingeslag frå hegren. Slike lydar som er der heile tida, men som du ikkje får med deg fordi du er oppteken med andre ting. Lyden av snøen som rysjer av tarpen eller regnet som trommer.

 

 

Det er ein grunn til at ho har fått tilnamnet kakaobesto!

 

Sjølv om dette med hengekøye fyrst og fremst er mi aleinetid er det også ein fin måte å få med seg dei unge ut. Me har gjort i stand ein hengekøye-leir i skogen rundt huset. Ynskje er å gi dei unge ei god oppleving, og på den måten gi friluftslivet vidare til neste generasjon. Når ein foreslår overnattingstur tenkjer mange fort at ein må gå fleire timar i fjellet eller ta båten ut til ei øy, men det treng ikkje å vere så komplisert. For meg er det viktig å vise dei unge at det er enkelt å overnatte i det fri, og at du får ein like fin tur av å bruke nærområdet ditt. Eg ynskjer rett og slett å normalisere det å sove ute.

 

 «Ynskje er å gi dei unge ei god oppleving, og på den måten gi friluftslivet vidare til neste generasjon. Når ein foreslår overnattingstur tenkjer mange fort at ein må gå fleire timar i fjellet eller ta båten ut til ei øy, men det treng ikkje å vere så komplisert.»

 


 

Dagens tur var i skogen bak huset, og høgdepunktet var å nyte solnedgangen frå hengekøya – på terrassen.

 

Når borna har gjort det eit par gonger saman med oss vaksne vert det lettare for dei å ta steget vidare på eiga hand. Her er det viktig å senke terskelen for dei, og vise at ein ikkje treng å gjere så mykje ut av ei uteovernatting. Det er også ein herleg måte å tilbringe tid saman med enten tantebarn, barnebarn eller eigne barn. Kjenne på samholdet når ein ligg i kvar si køye under himmelen. Sjølv etter me har sagt godt natt er det alltid nokon som forteljer ei historie til, og så sovnar du til småpratinga frå dei rundt deg. Det er godt for deg, og er i tillegg ein flott ting å gi som oppleving til dei yngre.

 

 

 

Er noko eg kan anbefale til både store og små. Det er jo i tillegg ein fantastisk måte å feire morsdagen på. Ellers vil eg berre seie lukke til og god hengekøye-natt!

  

 

 

Anitha lærar opp svigerdotter si til å fiske. Det vart ikkje noko levande fisk, men mykje taretorsk.